Tix.no

  • 26. jan - kl. 19.30
  • 27. jan - kl. 19.30
Billettpris:kr 180 - 265
Forestillingsinfo

Kor langt kan eit menneske i fangenskap gå og framleis kunne forsvare sine handlingar? - Ei teaterframsyning om eit menneskes galskap og avgrunn

Kan vi rettferdiggjere vondskap når det er for å overleva?

Eit vintereventyr er ei rå, brutal og vakker framsyning om livet på innsida av ein arbeidsleir. I eit brutalt og rått kvardagsliv lengtar hovudpersonen etter å bli elska og få nærleik frå andre menneske. Håpet om at kjærleiken finst der det finst menneske, same kor forferdelege ting som skjer, tek all plass i tankane hans. Eit vintereventyr er ei forteljing om korleis både ytre og indre hendingar kan lyfte eit menneske opp og styrke det, eller knuse det.

Jan Roar Leikvoll sin kritikarroste debutroman vart i 2020 teater med Øystein Johansen på regi. Med seg har han Jacob Jensen som for tida er engasjert ved Nationaltheatret og som er utdannet frå teaterhøgskulen, Kunsthøgskulen i Oslo.

Jan Roar Leikvoll (1974 - 2014) blei frå og med debuten omtalt som ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur. Leikvoll blei nominert til fleire prisar, og mottok Sigmund Skard-stipendet, Samlagsprisen, den prestisjetunge Stig Sæterbakkens minnepris og Bokhandelens forfattarstipend 2013. Denne monologen er skrive av Kristian Lykkeslet Strømskag, og var det fyrste samarbeidet med Øystein Johansen. Urpremiere: Otta kulturhus 9.oktober 2020.

Team:

Idé og prosjekteigar: Øystein S. Johansen.

Dramatisering: Kristian Lykkeslet Strømskag

Regi: Øystein S. Johansen

Skodespelar: Jacob Jensen

Teknikar: tba

Produsent: Eline Lysen Paulsen

Foto og video: Erika Hebbert

 

Produsert av Bunnyhead Productions i co-produksjon med School van Gaasbeek.

Framsyninga er støtta av Norsk kulturråd, Innlandet fylkeskommune, Fond for utøvende kunstnere, Fond for lyd og bilde, Oslo kommune og Dramatikkens hus.