Tix.no

Forestillingsinfo
Den franske komponisten og pianisten Eve Risser møter Stavangers eige Kitchen Orchestra i ein konsert det bør slå gnister av. Saman vil dei utforske nye klangar, teksturar og rytmiske motiv, engasjere og overraske. 

Eve Risser er kjent som ein skapande og ukonvensjonell instrumentalist, ikkje minst gjennom hennar arbeid med ensemblet ”White Desert Orchestra” og albumet ”Les Deux Versants Se Regardent”. Musikken er inspirert av geologiske fenomen der titlar refererer til landemerker, steinar og mineraler.

Kitchen Orchestra er ein fleksibel musikerpool på 25 musikarar som i over eit tiår har etablert seg som eit kreativt, moderne og uføreseieleg ensemble i Stavanger. Gjennom improvisasjonsbaserte arbeidsmetodar og samarbeid med velrenommerte orkesterleiarar frå ulike delar av verda, har orkesteret utvikla sitt heilt unike lydbilete. Intuitive idear, kollektiv kreativitet og spontanitet på kryss og tvers av stilartar har vorte eit varemerke. 

Les mer her: 
kitchenorchestra.no
everisser.com

Medvirkende:
Eve Risser: komponist / piano
Thomas Bang: kontrabass
Vidar K. Schanche: gitar
Gro Austgulen: fiolin
Olav Stener Olsen: cello
Gunhild Seim: trompet
Arild Hoem: saksofoner
Petter Frost Fadnes: saksofoner
Dominique Brackeva: trombone
Ståle Birkeland: trommer

Arrangør: Stavanger konserthus i samarbeid med Kitchen Orchestra