Tix.no

Forestillingsinfo

Når Skeiene janitsjar inviterer til haustkonsert, har dei som vanleg også invitert ein gjestesolist. I år er dette ingen ringare enn Sandnes operakor. Programmet er plukka frå øverste hylle i opera- musikal- og operetterepertoaret, og vi lover kjende tonar og god stemning.

Til konserten den 10. november har Skeiene janitsjar hatt som arbeidstittel «Over kanten og opp frå grava», og da er det naturlegvis scenekanten og orkestergrava vi har i tankane. Med andre ord hentar vi musikken frå klassiske operaperler og kjende musikalar. Vi har vore heldige å få med oss Sandnes operakor med sin dirigent Kersti Ala Murr, så her blir det operasvisker og musikalklassikarar med både kor og orkester, og kanskje også ein solist?

Arrangør: Skeiene Janitsjar