Tix.no

Utsolgt
Billettpris:kr 500
Forestillingsinfo

Konserten vil IKKE  finne sted søndag 18. april. Vi jobber med å finne en løsning og alle som har kjøpt billett vil få beskjed snarlig. Grunnet restriksjonene for Færder kommune er det ikke lov å arrangere t.o.m. 22. april. 

****************************

Fatig ferdamann på tur

Med eit nytt album i beltet dreg Odd Nordstoga ut på ein turne ulikt det han nokon gong har gjort før. I trioformat, med trommer, bass og seg sjølv, skal koronaen trossast og konsertar leverast. På repertoaret er ein bunke nye songar, sjølvsagt iblanda nokre gode gamle.

Me er alle fatige ferdafolk på livsens landeveg, men på ferda høyrer musikken til. I to år har Nordstoga tenkt og grubla, pønska og spikka på det som no er ute som hans siste album "Fatig ferdamann". Det var ikkje i planen at det skulle koma ein pandemi som snudde opp ned på alt. Og vel har mykje blitt snudd opp ned, men å setje album på vent var ikkje fristande, det skulle koma når det skulle.

Med seg har Odd to av dei aller største på Noregs musikarhimmel. På trommer Torstein Lofthus og på bass Tor Egil Kreken. Begge fantastiske musikarar med lang fartstid i bandet til Nordstoga, men også kjent frå eit uttal andre konstellasjonar. Snart kjem tre svoltne ferdamenn til din konsertstad. Då er det ingen grunn til å sitja heime. Velkomen til konsert!

Kritikar frå albumet «Fatig ferdamann»:
«Provoserende bra» – Dagbladet 5/6
«Bekrefter det gode ryktet» – Dagsavisen 5/6
«En gjennomført bra plate» – Stavanger Aftenblad 5/6
«Skyhøyt toppnivå hos Odd Nordstoga» – Aftenposten 4/6
«Odd Nordstoga på sitt mest inspirerende» – Ballade

Kritikar frå turnéen «Fatig ferdamann på tur»:
«Et eventyr av en mann» – Unikum 5/6
«Oppriktig og tullete, side om side» – Klassekampen 5/6
«Odd Nordstoga har publikum i sin hule hånd både når han synger og når han forteller historier på bred telemarksdialekt, han er en formidabel formidler» – OPP